Om Sauda Vekst
Sauda Vekst AS er eit næringsutviklingsselskap med over 80 medlemsbedrifter som eigarar. Eigarane representerer eit bredt spekter av næringslivet; industri, reiseliv og handel, administrative og offentlege tenester.
Visjon:
Drivkraft og partner for eit veksande næringsliv.
Hovudmål:
Skapa, opprettehalda og vidareutvikle arbeidsplasser
Strategi:
Sauda Vekst er næringsforening for alle bedrifter og næringsdrivande i Sauda som ønskjer å vera medlem.
selskapet skal bidra til bedriftsutvikling og vekst for medlemmene.
Selskapet skal vera den naturlege samarbeidspartnaren til kommunen og for Sauda KF som
tenesteleverandør av oppgåver knytta til å skapa, oppretthalda og utvikla arbeidsplassar.
Strategien er delt inn i tre fokusområde:
– Arbeid for medlemsbedriftene; bortimot som ein tradisjonell næringsforening.
– Arbeid for kommunen både som medlemsbedrift og som den største økonomiske bidragsytaren til
Sauda Vekst.
– Sal av tenester, hovudsakleg administrative tenester retta mot eigne dotterselskap, kommunalt eigde
aksjeselskap og eventuelle medlemsbedrifter.